Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Denne powerpointen gir eit inntrykk av turen rundt Ørsdalsvatnet som er kvart år ei gong rundt 17. mai:

Tur rundt Ørsdalsvatnet

Advertisements

Eg og Birgitte diskuterer Åge Hareide sine sjansar for å redda Viking frå den gjørma dei har havna i.

No er eg og Birgitte midt i kakesteikinga. Me er spesielt spurte om å laga kake til «God of this city» i Salem ikveld. Og der kan du sei Salem har vore heldige 🙂

Me har baka «Suksesskake» og «Ostekake», eg har primært hatt ansvaret for ostekake. Det var ganske lett, og Birgitte påstår at det går an å laga ostekake i Galtadalen. Du treng nemleg ikkje elektrisitet! Så plutseleg vert det ostekakeparty i Galtadalen. Dét hadde vore kjekt! Det skal me gjera  i sumar.

Eg legg ved bilete frå denne hendinga for å dokumentera at eg faktisk har vore med å laga «Suksesskake» og «Ostekake». Men merk mine ord: viss eg blir gift så

Dette er gul krem til "Suksesskake". Den inneheld: eggeplommer, fløte, sukker, vaniljesukker og mjukt smør. Høyrest ikkje det godt ut???

skal eg ikkje baka kake, så dette er ikkje noko slags sjekketriks frå mi side.

Om det skal koma noko seriøst utav denne bloggposten: takk Gud for god mat og god familie!

Her ser du dei to harde kokkane med sitt stolte resultat i gryta: gul krem.

Fredag 1. mai brukte me 1. mai til noko verkeleg fornuftig – nemleg KRIK Fotballcup i Bjerkreimshallen. Det var enormt bra, FFBS (Foreningå For den Blå Songboka) kunne plutseleg ha stukke av med sigeren, men me rauk ut i kvarten. Personleg hadde eg ei svært sterk oppleving då eg trødde over og fann ut at isposane dei lagar no til dags ikkje held mål. Det måtte ein pølsepakke frå fryså til for å kjøla ned hevinga skikkeleg.

Under møtet var det andakt ved Harald Bøhn, som på Guds ord gjekk til fots igjennom Afrika. Utruleg å høyra korleis han opplevde å bli båren i Guds hender då fem røvarar plutseleg dukka opp på landevegen for å ta livet av han. Det gjorde sterkt inntrykk.

Andakt under KRIK-cup 1. mai 2009

Andakt under KRIK-cup 1. mai 2009

Regjeringa legg stadig nye hinder i vegen for kristne organisasjonar. Siste nytt er at kristne organisasjonar ikkje lenger skal få spør kva livssyn jobbsøkar har. Er det mogleg? Ekstra skuffande er det at Senterpartiet på vegne av regjeringa går ut og støttar dette. Hadde venta betre frå den kanten!

Rune Skjælaaen frå Senterpartiet

Rune Skjælaaen frå Senterpartiet

Hurra! SV si sentralstyring fører noko godt med seg: landsstyret overkøyrer landsmøtet og seier ikkje lenger NEI, men heller uhm, til friskular. Det vil sei, Steinerskulane og Montessoriskulane skal få fortsetja, men dei trusbaserte skulane vil dei begrensa omfanget av. Korleis skal dei få til det, mon tru?

SV sin kunnskapsminister, Bård Vegar Solhjell

om at nettopp DU skal koma på KRIK Cup&Konsert i Bjerkreimshallen 20.-22. november. DU kan velja og vraka innan:

  • Konsert med Downhere og Onkel Tuka på fredag kveld
  • Cup på laurdag og sundag
  • Møte på laurdag kveld

Dette vert så enormt bra at du anar det ikkje. KRIK Bjerkreim satsar på minst 500 stk i hallen på fredagskvelden! Det vert rått 😀