Fredag 1. mai brukte me 1. mai til noko verkeleg fornuftig – nemleg KRIK Fotballcup i Bjerkreimshallen. Det var enormt bra, FFBS (Foreningå For den Blå Songboka) kunne plutseleg ha stukke av med sigeren, men me rauk ut i kvarten. Personleg hadde eg ei svært sterk oppleving då eg trødde over og fann ut at isposane dei lagar no til dags ikkje held mål. Det måtte ein pølsepakke frå fryså til for å kjøla ned hevinga skikkeleg.
Under møtet var det andakt ved Harald Bøhn, som på Guds ord gjekk til fots igjennom Afrika. Utruleg å høyra korleis han opplevde å bli båren i Guds hender då fem røvarar plutseleg dukka opp på landevegen for å ta livet av han. Det gjorde sterkt inntrykk.

Velkomen til min blogg. Håpar du finn det interessant!